NYNORSKHUSET
 
 

NRK Vestland sin redaksjon i Førde er ein av dei viktigaste nynorskredaksjonane i NRK, med heile produksjonen på nynorsk.

Redaksjonen sender seks timar radio om dagen, samt produserer til nett og TV. I tillegg blir det produsert fleire tittelprogram til NRK TV, NRK Super og NRK 1 som «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»

 

Teater Vestland skal røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før. Teateret har to scener på Nynorskhuset, Teatersalen og Scene2, og i tillegg turnerer teateret i fleire format i heile Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater.


 


Firda er den største nynorskavisa i Vestland. Vi er tett på folk, fortel gode historier og held deg oppdatert på alt som skjer.

Dei fleste lesarane våre bur i Sunnfjord, men vi dekker også Ytre Sogn og deler av Nordfjord.

 


NRK Nynorsk mediesenter
er eit strategisk rekrutteringstiltak for heile NRK. Føremålet med senteret er å lære opp nynorskbrukande journalistar for nett, TV, radio og sosiale medium.

NRK Nynorsk mediesenter vart starta opp i 2004, og har sidan lært opp ti nynorskpraktikantar i året. Mange av desse er no å finne som journalistar i NRK og andre mediehus rundt om i landet. Det er tre tilsette ved senteret.

 

Nynorsk avissenter er ei stifting som har som mål å utdanne nynorskskrivande journalistar i nært samarbeid med avisa Firda. Nynorsk avissenternter starta opp i 2013, og tek inn ti nynorskpraktikantar i året. Metoden er å lære ved å gjere i seks månader. Journalistane jobbar i dag som journalistar i lokalaviser, riksdekkande aviser og TV-stasjonar over heile landet.

 

Røyst

_DSC3118-nynorskhuset-NRK.jpg

Ledig areal til leige i 5 etasje i Nynorskhuset:

Velkommen til eit kontorfellesskap på 1100 m2 på toppen av Nynorskhuset i Førde! Her ønskjer vi å lage til den mest framtidsretta, spennande klynge av bedrifter i Førde sitt mangfaldige næringsliv. Her kan di bedrift sikre seg flotte lokale, i eit spennande miljø, med moderne løysingar, samt fantastisk plassering – midt i Førde sentrum.